Anna Einemo Frøysland - Danser og koreograf

05.02.2023 /

Alder: 29 år

Bosted: Oslo

Kunstfelt: Dansekunst

Program: Koreografisatsingen

 

Hvor lenge har du holdt på med koreografi?

Om lag 8 år.

 

Hvordan startet det?

Eg byrja å koreografere i studietida, då eg og syster mi laga vår fyste sommarførestilling i heimbygda Lærdal. Me laga den på 10 dagar og gjennomførte ein massiv reklamekampanje på førehand, hadde billettstand på den lokale marknaden og tapetiserte bygda med plakatar. Men på premierekvelden var det kun éin forhåndsseld billett og me var sikre på fiasko. Til vår store lettelse dukka det opp masse publikum i døra, og det blei full sal!

 

Hva ønsker du å oppnå med kunsten din?

Med førestillingane eg lagar ynskjer eg å skape opplevingar som involverer sjåaren på eit litt anna nivå enn det som omgir mange av oss i kvardagen, som til dømes tidspress og digitale avbrytingar. Noko som engasjerer fysisk, kroppsleg og mentalt. Noko som får tankane dine på vandring.

 

Hva liker du best med programmet du har vært en del av?

Å vere koreograf handlar mykje om å vere leiar for prosjekt, rom og situasjonar. I koreografsatsinga har me snakka mykje om kva dette betyr. I starten av programmet følte eg meg som ein bedragar, eg kunne vel aldri bli nokon god leiar? Programmet har gitt meg trua på at mine eigenskapar kan vere ein fordel i ei slik rolle.

 

På hvilken måte har det bidratt til din kunstneriske utvikling?

Eg har byrja å ta initiativ til å skape prosjekt der eg arbeider frå utsida og ikkje er på scena sjølv. Eg nyt å vere der akkurat no fordi det gir meg eit heilt anna overblikk og utvider interessene mine for koreografi. Eg fordjuper meg i rørslematerialet, men syns og det er spanande å sette mitt preg på dei andre elementa i førestillinga i tillegg, som lys, musikk og scenografi.

 

Hva inspirerer deg?

Ei stille morgonstund for meg sjølv, med plass til ein god kaffikopp og lause tankar. Eg kan og oppsøke inspirasjon aktivt gjennom andre kunstformer, særleg innan litteratur og film.

 

Hvordan motiverer du deg selv?

Om eg kjenner meg demotivert kunstnarleg prøver eg å ta det som eit signal på at eg treng ein pause, noko som skjer overraskande ofte. Eg er ganske arbeidssom og rutinedreven som person, og har ein tendens til å prøve å tvinge fram idear. Kanskje nettopp derfor er eg vorten ein svoren tilhengar til å forsøke gi plass til kreativiteten gjennom avbrekk, for eksempel med ein tur i marka, eller stire i lufta medan eg ventar på bussen. Å klare kjede seg er nyttig for meg, då oppstår det ofte ein frisk idé i etterkant. Eg snakkar og mykje med sambuaren min og syster mi, dei har alltid noko motiverande å sei!

 

Hvordan ser en vanlig arbeidsdag ut for deg?

Når eg er i produksjon som koreograf er ein vanleg arbeidssdag frå 0900-1600. Eg brukar å varme opp sjølv om eg ikkje skal danse sjølv, det er vel ein slags avhengigheit av å bruke kroppen. Vidare testar me ut idear og materiale, øver, forkastar, diskuterer, blir frustrert når det ikkje går framover og oppløfta når me har gjennombrot. Utanom produksjon er arbeidsdagen meir laus i formen. Den startar kanskje med ei treningsøkt før lunsj. Etter lunsj arbeider eg på biblioteket med koreografiske førebuingar, prosjektutvikling, har møter, eller skriv søknadar.

 

Hva er din beste kunstopplevelse?

Denne var vanskeleg! Men eg trur det må bli utstillinga eg gjekk på i Museumsquartier i Wien. Bileta av Egon Schiele traff meg veldig direkte og inspirerte meg i eit soloarbeid.

 

Hvem er ditt kunstneriske forbilde?

Eg har lenge vore fascinert av Marina Abramovic. Sjølv om eg ikkje ynskjer å hengi meg på den måten til kunsten som ho gjer, syns eg det er inspirerande at det finst nokon med slik ein stålvilje og gjennomføringsevne, og samstundes kan kjenne seg usikker i arbeidet og livet.

 

Hva legger du i ordet talent?

Eg ser på det som eit slags startskot i ei retning. Ein merkar når noko engasjerer og fell seg naturleg, kanskje ein får tilbakemelding frå omgivnadane i tillegg. Neste steg blir all jobbinga!

 

Hva har det betydd for deg å være del av koreografisatsingen?

Eg har blitt meir fortruleg med rolla som koreograf, fått spanande moglegheiter for erfaring i produksjon og møtt andre koreografar som har inspirert meg.

 

Hva har det betydd for deg å være del av Talent Norges nettverk?

Etableringsfasen min har vore meir innhaldsrik enn utan dette nettverket. Eit visst nivå av aktivitet i bransjen er viktig i starten for at arbeidsmoglegheiter skal kunne oppstå vidare. I tillegg har det å ha eit nettverk og støtteapparat rundt seg hjulpe på enormt på motivasjonen, i eit virke ein ellers kan kjenne seg åleine i.

 

Hva holder du på med nå for tiden?

Eg gjer koreografiske førebuingar til to produksjonar eg skal koreografere i sommar. Kunstnarleg sett er eg litt på søken, eg er inne i ein ny fase der eg skal drive mange prosjekt heilt åleine og då må eg gå litt i meg sjølv og spørje kva eg vil. I tillegg ventar eg mitt fyste barn i oktober!

 

Hva vil du si til unge talenter som ønsker å utvikle seg som koreograf?

Be om råd frå erfarne koreografar. Eit godt råd eg sjølv har fått er å få folk med kompetanse til å sjå arbeidet ditt. Ein kan invitere ytre auger inn i studio for eksempel. Og ein treng heller ikkje ha kontroll på alt sjølv om ein skal leie, samarbeidspartnarar er levande menneskjer som har mykje å bidra med i ein prosess.

 

Les mer om Koreografisatsingen her.

 

Foto: Judith Arupa

Wilhelmsen-akademiet / Nasjonalballetten

Wilhelmsen-akademiet er Nasjonalballettens satsing på unge ballettalenter, og den første talentsatsingen av sitt slag i Norge.

Wilhelmsen-akademiet / Nasjonalballetten
17. september 2022

Live Skullerud - Dansekunstner

"Det har vært spennende å få et innblikk i hva som rører seg i andre deler av kultur- og idrettsfeltet. Det gir meg følelsen av at jeg enklere kan løfte blikket ut av min egen boble i dansefeltet."

Live Skullerud - Dansekunstner
03. august 2022

Marianne Haugli - Danser

"Det føles veldig givende og stas å være en del av et community, som virkelig er der for oss. Spesielt i disse sårbare tider som vi dansekunstnere står i."

Marianne Haugli - Danser