Lær deg Kontempor@r Halling

12.03.2018 / FRIKAR X og koreograf Hallgrim Hansegård inviterer til ein verkstadserie over tre år med fokus på overføring av kvalitetar frå hallingdansen til samtidsdansen. Årets fyrste samling var 11. mars i Oslo, den neste finner stad 25. april.

I starten blir det fokusert på slepp, svikt og snert som tre prinsipp der den norske folkedansen spelar på lag med tyngdekrafta og gjev ein organisk måte å oppnå dynamisk spennvidde på. Verkstadsserien er tenkt som ein dialog med deg som deltakar der du kan prøve ut bevegelsesprinsippa i eige arbeid, og slik påverke arbeidet vårt med Kontempor@r halling.

Sjå video her.

Med ‘Kontempor@r halling’ ynskjer Hansegård å gje noko tilbake til samtidsdansen og fylle eit tomrom som danseutdanningane ikkje tilbyr idag. Verkstadserien er mynta på bevegelseskunstnarar, og blir støtta av Talent Norge, Sparebankstiftelsen DNB og Fjelldansen med Oppland fylkeskommune, Valdres natur- og kulturpark og Kulturrådet.

Les mer her: www.frikar.com/no/akademi/verkstader/kontempor-r-halling

 

Stad: 25. 04. 18, kl 18-20, Sentralen (P1), Oslo
Tid: Kl 18-20 25. april. 2018
Pris: gratis
Kriterier: profesjonelle dansekunstnere og dansestudenter ved vgs. og høyere utdanning.

Tider 2018:

  • 11. 03. 18, kl 19-21, Kyrre Texnæs Studio, Vulkan 30, 0178 Oslo
  • 25. 04. 18, kl 18-20, Sentralen (P1), Oslo
  • 04. 09. 18, kl 18-20, Sentralen (gymsalen), Oslo
  • 05. 12. 18, kl 18-20, Sentralen (gymsalen), Oslo