Helga Myhr - Musiker

09.10.2023 / "Det skjer så mykje mentalt frå ein er i slutten av tenåra og fram til ein nærmar seg 30. Så stol på prosessen du går gjennom."

Alder: 27 år

Bosted: Sør-Fron

Kunstfelt: Musiker

Program: Tidligere Hilmartalent

 

Hvor lenge har du holdt på med musikk?

Eg har spelt og sunge sidan eg kan hugse. I oppveksten hadde me ofte oppdrag på ulike eventar, så eg har prøvd meg på scena frå eg var liten. I 2019 vart eg ferdig utdanna på Norges Musikkhøgskole, og har sidan då halde på som musikar på fulltid. 

 

Hvordan startet det?

Foreldra mine har vore drivkrefter innanfor opplæring i folkemusikk og folkedans heime i Hallingdal. Eg har vakse opp i dette, og vore med og spelt hardingfele, langeleik, sunge og dansa med syskene mine og andre ungar og ungdommar heime.  

 

Hva ønsker du å oppnå med kunsten din?

Eg ynskjer å gi meg sjølv og andre gode, rare, fine og tankevekkande opplevingar. 

 

Hva liker du best med programmet du har vært en del av?

HilmarTalent, som var det programmet eg fekk vera med på, gav meg tida til å dyrke meg sjølv som kunstnar i ein fase eg verkeleg hadde bruk for dette- midt i studietida mi. Eg fekk gleda av å ha Tuva Syvertsen som veileder og mentor undervegs. 

 

På hvilken måte har det bidratt til din kunstneriske utvikling?

I starten av juli 2019, like etter eg hadde fullført studiet på musikkhøgskulen, spelte eg inn soloplata mi med musikk som eg hadde jobba med nokre år. Med meg hadde eg mentoren frå talentprogrammet, Tuva, som produsent. Det å spele inn soloplate på akkurat det tidspunktet, gav meg viktig erfaring og opna opp for mange moglegheiter i etterkant, som eg er veldig glad for i dag. HilmarTalent var med på å legge til rette for at eg kunne spele inn denne plata, så programmet har vore ei viktig brikke i overgangen frå studiet til å jobbe med musikk på heiltid. 

 

Hva inspirerer deg?

Kunstnarar som klarer å finne roen. Eg kjenner meg svært påvirka av høgt tempo, og trangen til å alltid tenkje kva som skal skje i neste vending. No om dagen er eg prega av tanken på å klare å leva meir her og no, som i seg sjølv er ein vanskeleg tanke om at noko burde vera annleis. Eg blir inspirert når ein musikar på ein konsert får meg til å oppleve kva som skjer akkurat no, eller når eg spelar med nokon som hjelper meg til å lytte betre. Eller når eg får tilbringe tid med nokon som gir meg ny innsikt. 

 

Hvordan motiverer du deg selv?

Etter ein travel vår og sommar, har eg akkurat hatt ein rolegare periode med mykje fri. Det har vore godt å ha fri, men inspirasjonen er ikkje på sitt beste om dagen. No som ferien er over, prøver eg å finne motivasjonen. Det hjelp å høyre på musikk, og legge frå seg mobilen! 

 

Hvordan ser en vanlig arbeidsdag ut for deg?

Dagane mine er veldig ulike. Før jul i fjor flytta eg og mannen min frå Oslo til Sør-Fron. Det har gjort at eg på ein måte har to ulike kvardagar: Når eg er på reise og når eg er heime. Når eg reiser, spelar eg konsertar og har øvingar med andre, gjerne over fleire dagar. Når eg er heime, prøver eg å koble av med god samvit. Men eg jobbar også meir administrativt og øver og forbereder meg på kva eg skal neste gong eg skal ut og reise att. 

 

Hva er din beste kunstopplevelse?

Det er eit spørsmål eg trur eg ikkje klarer å svare på. Men om eg skal nemne det som dukka fyrst opp i hovudet mitt akkurat no, så må eg ta fram bratsjist Tove Bagge sin eksamenskonsert i bachelor på Norges Musikkhøgskole for mange år sidan. Det er vanskeleg å seie akkurat kva som rørte meg så heftig, men eg trur det må vera stemninga som vaks i meg under konserten, og den voldsomme roa eg hadde i meg etter applausen la seg etter siste nummer. Eg hugsar eg tenkte at Tove, på ein jordnær måte, viste oss noko veldig vakkert i henne som låg bakom musikken. 

 

Hvem er ditt kunstneriske forbilde?

Det er mange! Utøvarar med særprega stil, menneske som skapar noko eigendomeleg, dei som har eit ustoppeleg engasjement, og menneske som er opne om at ikkje alltid engasjementet er der. Dei som klarer å vera ekte i seg sjølv, og som viser det både på og utanom scena. 

 

Hva legger du i ordet talent?

Det fyrste som kjem opp i hovudet når eg høyrer ordet talent, er ein ung person som har lett for å mestre dei tekniske utfordringane det er å til dømes spele eit instrument. Men det å bli kalla eit talent kan bety mange ting. Personleg synest eg det er vanskeleg å forhalde meg til kva det er, og eg brukar ordet sjeldan. 

 

Hva holder du på med nå for tiden?

Akkurat no forbereder eg eit plateslepp av eit verk som heiter Andsyning. Eg skreiv musikken opprinneleg som tingingsverk til Osafestivalen i 2020, og 7. oktober skal den kome ut på plate på Heilo! Elles skal eg spele med litt ulike prosjekt framover: skal snart jobbe meir med den franske pianisten Sebastien Palis og musikken hans i lag med Karoline Wallace. Den 16. september skal trioen Eriksson/Myhr/Malmström (med gitarist Thomas Eriksson i spissen) gi ut sitt debutalbum, så me skal spele nokre konsertar i Norge og Sverige i forbindelse med det. I tillegg skal eg spele meir med eit prosjekt som heiter Kveldsete (med komponist og musikar Ole-Henrik Moe i spissen) og eit anna prosjekt som heiter Dålågjel (med Hans Kjorstad i spissen). 

 

Hva vil du si til unge talenter som ønsker å utvikle seg innen musikk?

Eg vil oppfordre til å gå mykje på konsert! Og gjerne oppsøke andre kunstformer også. Det er gjennom å reise dit det skjer, ein møter nye mennesker og kjenner at ein er ein del av miljøet. Og ikkje minst lærer ein enormt mykje av å høyre og sjå andre på scena. I tillegg vil eg seie at det skjer så mykje mentalt frå ein er i slutten av tenåra og fram til ein nærmar seg 30. Så stol på prosessen du går gjennom. For min del har eg vakse mykje på å gjera ting eg syns er skummelt. Men det er viktig å ta vare på seg sjølv medan ein gjer det: anerkjenn at du syns noko er skummelt eller utfordrane, og prøv å kjenne på at det er heilt greit. I tillegg finst det så mange menneske der ute som kan hjelpe deg med dei utfordringane du kjenner på, eller som kan gi deg inspirasjonen til å lære meir om det som du synest er interessant. Så leit etter og oppsøk dei personane. Det er også ofte gjennom desse personane at nettverket opnar seg og gir deg nye moglegheiter. 

 

Les mer om programmet Hilmar talentet her.

Foto: Johannes Selvaag

29. juni 2023

Julie Røssland har signert med Askonas Holt Lies Askonas Fellowship Program

Julie Røssland har signert med Askonas Holt Lies Askonas Fellowship Program

Julie Røssland har signert med Askonas Holt Lies Askonas Fellowship Program

Voksenåsen Vokalakademi

Voksenåsen vokalakademi er et nordisk talentprogram for klassiske sangere.

Voksenåsen Vokalakademi

(WOYS) - The Wilhelmsen Opera Studio for Young Singers

WOYS er et program for unge sangere, som nylig har fullført sin operautdannelse og som står på terskelen til et profesjonelt liv.

(WOYS) - The Wilhelmsen Opera Studio for Young Singers